Flott og stor idrettshall

Flott og stor idrettshall

Flott og stor idrettshall

Godt nyttår til alle våre medlemmer og samarbeidspartnarar.

Etne idrettslag har nå fått eit unikt tilbod til

våre idrettsutøvarar gjennom Skakkesenteret og den

flotte og store idrettshallen. Her ligg grunnlaget for ei

ny og spanande utvikling for idretten i Etne. Vi gler oss

til åra som kjem. Det som er nytt og uvanleg for oss,

men forståeleg, er at laget må betala leige for bruk av

hallen. Dette gir ein auke i kostnadar som blant anna må

hentast inn ved å auka medlemskontingenten, som blir

slik for 2013:

Familiemedlemskap kr. 1.750,-

Aktive over 17 år kr. 1.000,-

Aktive under 17 år kr. 800,-

Støttemedlemmer kr. 300,-

Familiemedlemskap betyr at foreldra blir rekna som aktive

saman med born under 17 år, og deler kontingenten

seg i mellom, og kan delta i alle idrettsaktivitetane laget

har. Aktive over 17 år må betala eigen kontingent.

Med denne løysinga blir det ikkje krav om treningsavgift

eller andre aktivitetsavgifter pr. idrett.

Innbetalingsgiro kan hentast hjå trenarar,

resepsjonen i Skakkesenteret, og Etne sparebank.

Etne idrettslag vil og leggja vekt på utdanning av trenarar

i framtida, slik at basiskunnskapen blir betre til beste for

breiddeidretten – alle skal med – og at dei med spesielle

talent også kan ta eit steg vidare.

Når vi drar lasset saman skal dette gå fint.

Med helsing styret i Etne idrettslag

Vedlegg

Arrangementer

 

Trykk her og les mer!

 

 

Hovedsponsor

Medlems Kontingent Innbetaling

 
(Kontingent ikke valgt)
Ubetalt antall: 0
Betalt beløp: 0
Betalt antall: 0
 
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift