Vedavåg 2 - Etne IL 16/06/2011

Torsdags kveld var det borte kamp for Etne på Karmøy og Vedavåg. Kampen blei litt tøffare for Etne en kva resultatet skulle tilsei. Etne fekk nokså godt betalt for sjansane sine mot et vea lag som var glad i å holde på ballen og hadde ballen i laget store delar av kampen.

Etne starta kampen best og fekk eit par nokså ufarlige skudd mot mål i starten. Og Vedavåg laget sleit litt med å få taki ballen i starten. Begge laga såg ut til å ha litt problemer med å håntere ballen på det glatte underlaget, men Etne fekk til eit brukbart banespel og fekk uttelling for dette etter omtrent 25 minuttar spelt. Ebbe får taki ballen litt innpå Vea sin banehalvdel og skjerer inn mot midten på banen, spelar ein fin vegg med Kristoffer Grønstad og er gjennom aleine med keeper, Ebbe går for kraft aleine med keeper og treffer stolpen, returen snappas opp av Johannes Rullestad som setter ballen i åpent mål. Ferdig scora assist  .
Johannes blir for øvrig skada i ein duell med keeper like etterpå og vert bytta med Harald Haaland som kjem inn og gjer ein god figur. Det står 0-1 til pause.
I andre omgang gjekk såg det ut som Vedavåg laget gjekk litt i seg sjølv og hevde seg eit par hakk i fra første. Kampen låg nå å vippa å vea førte kampen, trilla mykje ball på midtbanen og Etne spelerane vert springane mykje i mellom å ”jaga”. Men uttellinga uteblei for dei raude og istadenfor var det Etne som på vakkert vis kontra inn 2-0. Bjørnar Aastvedt fekk balle fra Kenneth Hegerland (som vikarierte i buret), han slo ein flott langpasning opp på fyrtårnet Stig Drange som stussa ballen forbi forsvaret til Ebbe som hadde tjuvstarta på løpet, Ebbe tok to touch på ballen og trilla ballen inn i fem-meteren til Erik Nordheim som fekk æren av å sette krona på verket. Fin fint angrep.
Etter målet pressa Vea på for redusering, men den uteblei og istadenfor va det den ”notoriske målscoraren” Sindre Matre som dukka opp utanfor sekstenmeteren og satte inn 3-0 målet. (etter 3 forsøk på å treffe ballen). Etne gjekk opp i 4-0 kort tid etter. Harald Haaland suste oppover venstresida og sendte ballen gjennom forsvaret til ein umarkert Johannes Rullesad som hadde komt innpå etter skaden sin og satte inn sitt andre mål.
Vedabåg fekk reduseringa si 5-6 minuttar før slutt på eit frispark. Vea spelaren skaut ballen i ein fin bue opp i krysset fra rundt 25 meter, utagbart for keeper (snill nå Kenneth?).
 

Arrangementer

 

Trykk her og les mer!

 

 

Hovedsponsor

Medlems Kontingent Innbetaling

 
(Kontingent ikke valgt)
Ubetalt antall: 0
Betalt beløp: 0
Betalt antall: 0
 
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift