Etne - Skjoldar/Vats 19.05.2011

På ein litt små shabby Etne Stadion sikra Etne IL sin andre seier for sesongen. Kampen blei prega av mongen håveduellar og lite fint spel, men 3 poeng blei det.

Kampen starta i god gammal Skjoldar/Vats stil, der ballen ska komme frå forsvar til angrep fortast mogleg og utan noko som helst finesse. Etne sitt forsvar fekk nok å bryne seg på i starten men klarte å reinske unda dei longe ballane utan store problem. Framover på banen var Etne mykje meir forsiktige en dei har vore før og kom aldri til nokon store sjansar i første omgang.
 
Andre omgang fortsatte i same spor som første, der begge lag hadde problemer med å ta ned ballen å sette noko særlig preg på kampen. Men etter halvspilt andreomgang fekk Etne hull på byllen. Jørgen Øyjord slår eit frispark frå cirka midtbanen som er borti eit Skjoldar/Vats bein og etter mykje klabb og babb får Johannes Rullestad hamra ballen i nota og det står 1-0 til Etne.
Etter målet blir bortelaget tvinga lenger og lenger opp på banen, og utan å skape allverda vert det store rom for spissane til Etne som etter kvart klarer å skape eit par halv sjansar.

Heilt mot slutten av oppgjeret sett bortelaget verkeleg inn støtet og pøser ballar inn i 16 meteren til Etne, men takka vere storarta forsvarsspel slepp Etne unda utan baklengs og 3 nye poeng

 

Skrevet av Erling Bjarte Rullestad 

Arrangementer

 

Trykk her og les mer!

 

 

Hovedsponsor

Medlems Kontingent Innbetaling

 
(Kontingent ikke valgt)
Ubetalt antall: 0
Betalt beløp: 0
Betalt antall: 0
 
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift