Etne - Suldal 05. 05. 2011

Torsdag kveld sikra Etne sine første 3 poeng for sesongen med å slå Suldal 4-1 på Fort Etne.


Etne var klart best gjennom heile kampen, sjøl om bortelaget klarte å lage litt spenning i kampen halvegs ut i andre omgang med å redusere til 2-1, var det Etne som hadde ballen klart mest og kom til dei fleste sjansane.

Etne fekk ein pangstart på kampen og satte press på Suldal frå første spark på ballen og hadde ein rekke store sjansar før Eirik Haugen satte inn ledar målet itte ca 10 minutt på eit flott skudd rett i krysset etter litt klabb og babb inne i Suldals sekstenmeter.
Etter målet roa kampen seg kraftig ned og ingen av laga klarte å skape noko spesielt press, men alikavel kom det ein del sjansar til begge lag. 4 keeperen til Etne, Kenneth Hegerland måtte ut i aksjon ved eit par anledningar, men ikkje meir en at den rutinerte eks. midtstopparen holdt buret reint.
Etter rundt 35 minuttar fekk Etne etablert eit flott angrep på høgre flanke, og slu som ein rev skjerer Erling Bjarte Rullestad inn fra venstre og får ballen fra Erik Nordheim, men akkurat i det han skal til å avslutte kommer det X antall Suldal bein i vegen og fellar midtbane giganten, straffe til Etne. Stig Drange set straffen enkelt og greit i mål og det står 2-0 til pause

Etter kvilen var det Etne som tok over kampen totalt og kom til mongen halve, heile og enda større sjansar, men makta ikkje å drepe kampen. Istadanfor var det Suldal som fekk redusert til 2-1, litt mot spelets gong, men åkke som var det spenning i kampen igjen.
Suldal tok i minutta etter målet initiativet i kampen og pressa på mot eit tydelig nervøst Etne lag, men utlikninga kom aldrig og istadenfor var det ungguten, Kristoffer Grønstad, som etter ein flott pasning frå Harald Haaland satte inn spikeren i kista. Og som ikkje det var nok kom ein scoringshungrig topscorar ved navn Stig Drange opp og stonga inn 4-1 målet frå ein corner.

Etne-laget viste god moral under heile kampen og fekk minimalt med kort og viser at det er lettere å vinne fotball kamper uten Espen Grumheden og Anders Sørheim i startoppstillinga 

Banens Beste var sjølvsagt nok ein gong Erling Bjarte Rullestad.  
 

Arrangementer

 

Trykk her og les mer!

 

 

Hovedsponsor

Medlems Kontingent Innbetaling

 
(Kontingent ikke valgt)
Ubetalt antall: 0
Betalt beløp: 0
Betalt antall: 0
 
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift