Bremnes 2 ? Etne (6-2) 7.4.2011

Straffespark, raude kort og 8 mål i Etne sin første seriekamp i 2011 sesongen.

Det var duka for Etnes første seriekamp på torsdag og til å begynne med såg det lovande ut for dei grønne, Etne gjekk tidleg opp i ledelsen borte mot Bremnes 2. Årets første serie mål var det Ebbe som stod for og var av det litt meir tilfeldige slaget, Bremnes sin keeper plukka opp eit tilbakespill og skulle til å skyte ut då han blei pressa av Ebbe og var uheldig å skaut ballen i Ebbe og den for heldigvis for Etne i mål.
 
Etter 0-1 målet var det Bremnes som starta å presse høgt og fekk tilslutt uttelling då dei fekk stonga inn utlikninga på eit frispark på kanten av 16 meteren.
Etter 1-1 byrja Bremnes å ha ballen meir og meir og pressa på for å gå i ledelsen, men halvegs i omgangen dukkar på ny topscoraren frå Rullestad opp og snappar ballen på kanten av 16 meteren og drar fint av ein mann å legg ballen perfekt i lengste, fin scoring.
 
Sjøl om Etne har fleire gode mulighetar utover i omgangen til å gå opp til 1-3 vert dei mot slutten av 1 omgang straffa etter litt forsvars slurv og Espen Jordal er uheldig og tar krokfot på ein Bremnes angripar inne i straffefeltet og Bremnes får straffe. Straffen tar Knuti, men dommaren meiner uforståelig nok at han går ut for tidlig og seier at den må tas på nytt. Denne gong treff Bremnes spelaren og set inn 2-2 målet.
Og rett før kvilen skjer det som ikkje måtte skje for Etne, Bremnes går opp i 3-2, og det er ein skuffa gjeng i grønt som går til pause.
 
Etter kvilen rakna det heilt for Etne, ein noko urutinert dommar begynner å vifte med gule kort og Espen G får to gule på 5 sekund og dermed rødt. Etter dette går noko av lufta ut av mannskapet og sjøl om Etne skapte ein 2-3 veldig gode sjansar, blei me straffa med 3 nye mål i mot og ingen for. Kampen enda 6-2, men det må nevnast at resultatet lyg littegrann og Bremnes var nok bedre, men ikkje 6-2 bedre.
 
 
Skreve av Erling Bjarte Rullestad

Arrangementer

etnecup

VELKOMMEN TIL ETNECUP
17. - 19. JUNI 2022

Medlemsinformasjon

Hovedsponsor

VÅRE HEILT KONGE SPONSORAR

Bedre enn Erling Skakke:








Medlems Kontingent Innbetaling

 
Medlemskontingent 2018
Medlemskontingent 2018
Ubetalt beløp (ca): 282739
Ubetalt antall: 268
Betalt beløp: 490105
Betalt antall: 380
 
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift