Etne IL

For trenerar

For trenerar

  For Trenarane

1 Tenk på eigen oppførsel og språkbruk. Du er den viktigaste rollefiguren for spelarane

2 Bind saman lek og sportsleg utvikling

3 Gje alle spelarane same høve til å utvikle seg

4 Tenk langsiktig. Kortsiktige løysingar kan øydeleggje spelarane og miljøet

5 Lær spelarane gode haldningar og respekt for reglane, medspelarane, motstandaren og dommaren

6 Bidra til å utvikle venskap og kameratskap mellom spelarane

7 Gjev ros når det er fortent

8 Bidra til å styrkje klubbkjensla

9 Arbeid med eigne kunnskaper i treningslære

10 Topping av lag skal ikkje forekomme i alderen 5-12 år. For spelerar i alderen 13-15 tilnærma lik speletid. Det blir då lagt vekt på speletid ut i frå treningsframmøte.

11 Hospitering blir ei sak mellom trenarar/føresette, men skal i hovudsak føregå ved mangel av spelerar.

12 Ved lån av spelar: Ta kontakt med ansvarleg trenar, som så skal klarere med foreldre til aktuell spelar

13 Sørg for tryggleik, meistring og trivnad i gruppa

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift