Ny nettside for Etne IL

Etneil.no får ein facelift.

‍

Etter monge år med gammal løysning har me endelig fått hjelp frå Omega 365 Design til å utvikle ny nettside.

Målet var å lage ei enkel nettside og utforme nettsidene for etnecup.no og etneil.no så uniformt som me greide, slik at ein har ein lik profil på begge sidene.

‍

‍

Den gamle sida har vore i bruk i monge år, og det er mykje som ikkje vert med over til ny løysing.

‍

Dersom det er noko ein saknar på den nye sida (Både som ein hadde på gammel side eller nye funksjoner ein ynskjer) så gi oss ein lyd på post@etneil.no